fredag 28. september 2012

Øving 3.1 - Meitemarken

Formål: 
I dette forsøket skal vi undersøkje korleis meitemarken reagerer på stimuli som lys (del A) og temperatur (del B).

Teori:
Makken er delt opp i segmenter.

Hypotese, del A: Meitemarken vil trekkje seg vekk frå lyset.

Hypotese, del B: Meitemarken vil trekkje seg mot den kaldaste plassen på grunn av at den forbinder det med under bakken der han er trygg. Meitemarken kjem også til å trekkje seg meir saman, slik han held betre på temperaturen.

Utstyrsliste:
  • Meitemark
  • Glassrør (eit vanleg og eit nedkjølt)
  • Papir og teip
  • Bomull
  • Lupe
  • Lampe
Framgangsmåte: 

Del A: Først hadde vi ein mark ned i eit glassrør som var temperert. Deretter teipa vi rundt glassrøret slik at der blei både plassar med skygge og plassar med lys. (sjå bilde 1)

Del B: Vi la marken og bomull inn i eit nedkjølt glassrør. 

Resultat:

Del A: Makken trakk seg vekk fra lyset. Makken prøver å rømme unna og ligg heilt roleg.

Del B: Makken bevega seg så langt vekk ifrå kulda/isbitane som mogleg, og blei liggande heilt stille.

Diskusjon:

Del A: Marken unngår lys for å unngå å bli spist.

Del B: Marken prøver å rømme unna kulden for å ikkje fryse ihjel. Når marken ligger heilt roleg så har kroppsfunksjonane starta å gå saktare; saktare blodtilførsel og saktare rørsle. Meitemarken har nok arva desse eigenskapane, for opplæring er lite truleg.

Konklusjon:

Del A: Då vi sat på lyset, bevega marken seg vekk frå lyset, og inn i den mørke delen av røret. 

Del B: Då marken kom ned i kulda, bevega den seg med ein gong mykje saktare. Han bevega seg frå botnen av røret og opp på bomullen for å komme seg så langt ifrå kulda som mogleg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar